Protokollen frå årsmøtet finn du i menyen under Laget/Administrativt/Årsmøte. 

Valnemnda si innstilling vart godkjent. I hovudstyret var leiar og nestleiar på val, og begge vart attvalde for eitt år. Nytt varamedlem til styret vart Gunnvor Lindland Loven. 

Årsmøtet takka Jorunn Lødemel, som har vore medlemsansvarleg sidan ho gjekk av som leiar, for ein godt utført jobb. Ny medlemsansvarleg vart Nils Inge Haaland. Ei fullstendig liste over valde til styre, utval og nemnder finn du i protokollen.  

Utmerkingar for 2019

Grunna koronasituasjonen vil dei aktuelle gruppene stå for utdelinga av pokalar og stipend for 2019. Etter innstilling frå gruppene gjorde hovudstyret i år vedtak om følgjande utmerkingar: 

  • Beste kvinnelege utøvar: Anna Bryn Mørkeset
  • Beste mannlege utøvar: Sjur Røthe
  • Dugnadspokalen: Marianne Bakketun frå orienteringsgruppa
  • Det vart delt ut 3 stipend gjevne av Voss Sparebank:
    • Amalie Galaaen Røthe - nordisk
    • Mariell Hetlesæter Morken - friidrett
    • Troy Brandseth Norbakk - friidrett/alpin