Helsedirektoratet har no kome med ein ny rettleiar for idretten der det er opna for organisert trening for grupper inntil 5 personar og med ein avstand på minimum 2m mellom personane. 

Dei ulike forbunda/idrettane arbeider no saman med kretsane og søker dialog med kommunane for korleis organisert trening kan gjennomførast - og kva anlegg/lokale som vert tilgjengelege. Dei ulike forbunda vil og prøva å koma med ein rettleiar til bruk for laga. 

For Voss IL betyr det at dei ulike gruppene kan vurdera fellestreningar dersom aktivitetane kan utførast i samsvar med retningslinene. Sjå info på gruppesidene. Retningslinene finn de under - sjå vedlagt fil.   

Elles oppmodar me dykk alle til å bruka den spesielle tida me er inne i til eigentrening - og gjerne alternativ trening. Det er enno flotte skiforhold i Herresåsen. Bømoen har fine joggeløyper, og elles oppmodar me dykk til flittig å bruka Prestegardsmoen og idrettsplassen.