Med 3. plass i 15 km fri og 4.plass i 15km var Sjur atttende der han avslutta i fjor. Me gratulerer og ser fram til mange spennande timar framføre TV-skjermen med Sjur i hovudrolla. 

Anna Bryn Mørkeset slo til med sølvmedalje junior-NM i storslalåm og er i ferd med å følgja opp den flotte sesongen i 2019.   

Elles var fleire yngre utøvarar i aksjon i helga - både i langrenn og Alpin - og med gode resultat.

I Oslo skifestival i langrenn slo Amalie Galaaen Røthe til med to flotte plasseringar, 7. og 4.plass i konkurranse med dei beste i landet i jenter 15-16år. I 13-14 år fekk Ane Sofie Galaaen Røthe ein god 6.plass og Anna Fareth Aas ein fin 20.plass. 

I alpin var 3 jenter i 15-16 års-klassen austover og deltok i SnøCup Alpin. Ingebjørg Hollevik fekk ein flott 5.plass i storslalåm og Jenny L Astrup Sjøtun og Ingrid Marie Jersin følge opp med 11. og 12.plass. 

Det gror tydeleg blant dei yngre utøvarane i laget. Me gratulerer.