Hovudstyret ber alle gruppene om å avlysa all felles innandørstrening fram til 18.januar. Dette gjer me i tråd med den anbefalinga regjeringa kom med i dag, den 3.januar. 

Vonleg er me i gang med full aktivitet om 14 dagar.

Utetrening kan me organisera så sant reglane om minst ein meter avstand kan haldast. Elles oppmodar me å nytta desse 14 dagane til individuell trening - gjerne ein skitur eller ein joggetur.