Tennis i Voss IL

VEL MØTT TIL TENNISSESONGEN 2020!

Tysdag 9. Juni  åpnar Tennisgruppa 2 grusbanar i Sentralidrettsanlegget.

Me  vil bruka eit reservasjonssystem , Matchi  som medlemmer av tennisgruppa vert invitert til å bruke. Oppretting av konto er delvis på engelsk, reservasjonssystemet er på norsk. Personopplysningar vert behandla innanfor Personvernforordninga i EU GDPR. Alle medlemmer i Voss IL kan spela tennis inkludert i medlemskapen.

Om du ikkje er medlem i Voss IL kan du og spela tennis, inntil vidare er dette gratis, etter kvart vil det koma ei mindre baneavgift. 

Tennisgruppa  ynskjer at mange vil  spela tennis,  send til Helge Danielsen hedan@online.no følgande opplysningar: Navn, alder, mailadresse, medlemsstatus i Voss IL. Det vil bli sendt informasjon attende om korleis ein lagar ein konto i MATCHi , og så er ein klar til å reservera bane. Ved reservasjon får ein tilsendt ein kode på mail som ein låser seg inn på banen med. Inngang er no på austsida av banen, mot elva.

For å bli medlem av Voss IL, Tennisgruppa gå til vossil.no  eller Minidrett.no 

Medlemsskap i Voss IL pr år:  <16 år kr 200,    Vaksen 300, Familiemedlemskap 600    

LYST Å PRØVA TENNIS?

KVAR ONSDAG FRÅ 18-19 VIL DET VERA REPRESENTANTAR FRÅ KLUBBEN TILSTADES PÅ BANEN. DÅ ER ALLE HJARTELEG VELKOMNE TIL OSS. DU KAN FÅ PRØVA Å SPELA OG GJERA DEG KJENT  MED BRUKEN AV BANEN. ME HAR UTSTYR TIL DEI SOM IKKJE HAR.

                               

For spørsmål kontakt

Per Loven

Tlf: 90536540
E-post: per.loven@moller.no

 

 

Tilbake