Postane heng ut i tidsrommet onsdag 17. juni til og med søndag 21. juni. Denne gongen er det tre løyper.

På Bulko. Køyr frå Voss retning Granvin. Ta til venstre etter bommen, før Tunsbergtunnelen ved Svelgane. Følg deretter skilt mot Bulko. Når du kjem til øvste garden, betal bompengar kr. 50,- (tek Vipps) og passer deretter stor parkeringsplass. Held fram til vegkryss der du tek mot høgre mot Stuaset. Parker ved elva og startposten.

Torsdag den 18.6. kl. 18 vert det også SOMMARAVSLUTNING ved den raude hytta til Kjellaug og Bernt. Då er det målgang ved hytta (sjå kart for den 18.6.). Det er gode høve til å kose seg, bade i Grønlivatnet rett ved og grille etter treninga. Kaffe, saft med noko attåt vert servert.
 
Om du vil ha god kvalitet på karta, kan du henta i garasjen hjå Svein Erik Heggenes, Rykkesvegen 3a, rett opp for Palmafossen skule. Karta ligg i korger ute så du kan henta når du vil. Eller du kan skriva dei ut sjølv frå her. 
 
Hugs å melda frå om deltaking til Marit Sandbæk på SMS 986 48 144.