Tråstølhytta
Foto: S. Ulvund

Tråstølhytta vart bygd av Voss Skilag i 1909. Laget overtok eit gamalt sel på Klepp - opp mot Lønahorgi. Selet vart sett opp att på Tråstølen der laget hadde fått gratis tomt hjå gardbrukar Torstein Trå. Seinare bygde dei til ei stove som dei frakta frå Honve. Etter krigen vart det bygt kjøkken og lagt inn straum. På den tid var Voss Skilag og Voss Idrottslag slegne saman til eitt lag så det var no Voss Idrottslag som åtte hytta. I åra frå 1985 gjorde dugnadsgjengen med Stein Wæhle i spissen eit storarbeid på hytta. Ho vart fullisolert med nytt tak, ny pipe, bordkledning og nye vindauge. (Kjelde: Voss Idrottslag 100 år)


Styre for Tråstølhytta:

Nils D. Dregelid - leiar
Rudolf Altenau - sekretær
Øystein Fjose - styremedlem
Frode Øvsthus - styremedlem


- Antidoping Norge
- Voss IL Antidoping Policy
- Ren utøver




Sjur og Vebjørn på landslaget
Sjur og Vebjørn tatt ut på landslaget Les meir..
Vebjørn Turtveit
Vebjørn Turtveit vann Norgescupen samanlagt i G18 Les meir..
Vebjørn vann Norgescup
Vebjørn Turtveit vann M18 under Norgescupen på Lygna Les meir..
Sjur Røthe tatt ut på landslaget
Som venta vart Sjur tatt ut på landslaget for neste sesong Les meir..
Sjur Røthe heidra på heimebane
Sjur Røthe fekk velfortent heider på lagsmeisterskapet tysdag kveld Les meir..
Februar-rapport frå Sjur
Etter ein sesong som har gått betre enn venta, fekk eg sist veka den veldig gode beskjeden Les meir..
NM Steinkjer
NM Steinkjer er over og Voss IL har gjort seg bemerka på mange måter. Les meir..
Januar-rapport frå Sjur
Nytt år og nye moglegheiter står for døra. Eg har hatt ein kjempebra avslutning på året ... Les meir..