VOSS IDROTTSLAG
Politiattest
Det er krav om politiattest for tilsette og frivillege som skal utføra oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige (under 18 år) eller menneske med utviklingshemming. Kravet gjeld for alle over 15 år. 

Framgangsmåte: 
1 Den som pliktar å legggja fram politiattest må få ei stadfesting for behovet frå den ansvarlege for politiattest i laget. Stadfestinga skal skrivast på eit eige skjema. 

Gjer slik: Den ansvarlege i gruppa sender/gjev den ansvarlege for politiattestar
namn, personnummer og epostadresse til den som skal ha politiattest. Den politiattestansvarlege fyller så ut stadfestinga og sender skjemaet (skannar det) til den som søkjer politiattest.  

2 Vedkomande sender så sjølv søknaden om politiattest og legg ved stadfestinga. Dersom søkjaren er over 18 år, kan han senda søknaden elektronisk (gjort på 2 min). Yngre søkjarar må senda søknaden i brev.

Elektronisk søknad til:
https://attest.politi.no/

Papirversjon søknad:
Søknad om politiattest - bokmål
Søknad om politiattest - nynorsk

Skjemaet skal sendast til:
Politiets enhet for vandelskontroll og politiattester
Postboks 113
9951 Vardø

3 Etter at søknaden er handsama av politiet, blir han returnert til søkjaren

4 Når attesten er mottatt, skal han visast til den ansvarlege for politiattestar i laget som er pliktig å føra oversikt over kven som er krevd for attest og dato for når attesten vart vist. Sjølve attesten skal søkjaren ha.  
NB Me gjer det slik: Leiaren i gruppa kontrollerer politiattesten og gjev melding til den ansvarlege i laget.

Her finn du meir informasjon om ordninga:
https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest/

Ansvarleg for politiattestar i Voss IL:

Tore Tvilde, ttvilde@gmail.com
Torgils Bryn (vara) torgils.bryn@visma.no

SPONSORAR

AKTUELT
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger