VOSS IDROTTSLAG
Om laget

 Velkomen

Voss Idrottslag vart stifta 21. febr. 1886, og er eit av dei eldste idrettslaga på Vestlandet.

Voss IL er det største idrettslaget i Voss kommune, med om lag 1 000 medlemer.

Voss IL er eit fleiridrettslag, med i alt 10 aktive grupper: turn, alpin, nordisk/langrenn, randonee, tennis, friidrett, symjing, orientering, hestesport, idrettsskule/barnegruppe. Basketballgruppa er ikkje aktiv for tidas.

Laget har aktivitets-og treningstilbod for alle aldersgrupper. Innandørs føregår det meste av treninga i idrettshallen, på idrettsplassen og på tennisbane, på Voss ungdomsskule, Vangen, Gullfjordungen og Gjernes skular. Laget har kontor i idrettshuset ved idrettsplassen.

Voss IL samarbeider nært med andre idrettslag, både om treningsopplegg, anlegg og arrangement. Dette gjeld særleg innan langrenn og alpint, der ein også samarbeider med toppidrettslina ved Voss gymnas og Voss ungdomsskule. Her har ein også utøvarar på nasjonalt plan.

Voss IL er deleigar i fleire tiltak: Varmestova i Bavallen, Tråstølen Ski AS, Bømoløypa, Voss ski- og tursenter i Skutle-/Herresåsen og har særlege rettar til bruk av idrettsplass og kroppsøvingssal og basseng i Voss ungdomsskule. Laget har 2 hytter: Rosethytta og Tråstølhytta.

I 2016 vart det underskrive ein avtale mellom Voss IL og Voss Utferdslag om bruk av Rosethytta. Denne avtalen regulerer bruk og drift av hytta som eit tilbod til ålmenta i perioden 15. mai til 15.oktober. Voss IL har ansvar for vedlikehald, drift og tilsyn av hytta. Avtalen finn du her.

SPONSORAR

AKTUELT
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger