VOSS IL Nordisk

Funksjonærliste vinteren 2017/18
 finn du her.  Merk at Voss il på same vis som dei andre eigarlaga i VST må stille med funskjonærar til NC skiskyting 9.-11. mars.

Terminliste langrenn
 finn du her Merk at helga 27.-28 januar, 24. februar og 9.-11. mars vil langrennsforeldre bli sett opp som funksjonærar. Siste helga er det NC i skiskyting som langrennsklubbane er pliktige til å hjelpa til med arrangementet. 
 Voss IL startar opp med basistrening i idrettshallen kvar tysdag frå 17.10 og fram til midten av desember. Dette er eit tilbod for alle gruppene i Voss IL
Tidspunkt: Tysdagar 17:30 - 19:00
Me tenkjer oss aldersgruppa frå ungdomsskulealder (2004) og oppover.
Dag Sandvik har ansvar for treninga.

Oppstart langrennstrening sesongen 2017/18

Voss IL tilbyr dette for aldersgruppa 6-12 år:

Oppstart etter haustferien med fyrste trening  tysdag 17.okt. I år har me leigd inn faste trenarar. Foreldre skal i utgangspunktet kun vera medhjelparar. Foreldremøte er flytta  til tysdag 24. oktober. Møtast på skuleplassen til Vangen skule 1745.

Tysdagar kl.1745-1845: Barmarkstrening med oppmøte på Vangen skule

1.-3.klasse: Leikprega uteaktivitetar. 

Kontaktperson 1.-3.klasse: Oddrun Afdal Håheim tlf 95732666

4.-6. klasse: Uteaktivtet med jogging/løp/spenst, stafettar og element av leik i tillegg til basisstyrketrening inne

Kontaktperson 4.-6. klasse: Børge Døssland tlf 95213108

Torsdagar kl.18-19.15: Rulleski for 4.-6.klasse oppmøte ved Kongehytta i VST.

-          

Kosteliste for sommaren 2017
 finn du her. Viktig at jobben blir gjort skikkeleg. Har du spørsmål så kontakt Helge Finne eller nokon andre som står på lista.  

Lagsmeisterskap onsdag 19. april
 Påmelding frå 1730-1745 i Kongehytta. Start kl. 1800. Skøyting. Det vert eit leikprega renn der løparane får måla krefter med laget sine aller sprekaste. Etterpå, ca 1845, vert det samling i arenahuset. Her er det korgafest der alle tek med seg litt mat og evt kaffi. Laget kjøper brus til løparane. Loddsal og premiar. Vel møtt. 

Resultata finn du her

Vestlandske Skistemna
Velkomen til Vestlandske Skistemna i Voss Ski og Tursenter 19.03 kl 13.00

Takk til alle funskjonærar som gjorde dette til ein strålande dag!

Treningar januar 2017
Treningane for 2.-6. klasse er no avslutta for sesongen. 

Me kjem attende med tidspunkt for lagsmeisterskap og sesongavslutning. 

Ørnarstafetten laurdag 18. mars
 Løparar som vil gå stafett for Voss IL må senda epost innan sundag 12. mars. Me vil  gjera det me kan for at alle får gå. 

Jenter 8-16 år: oyvind@vossresort.no

Gutar 8-12 år: Arnstein.Ringheim@voss.kommune.no

Gutar 13-16 år: joar@ekstremsportveko.com

Menn junior og oppover: tore@ovsthus.no

Karusellrenn
Sundag 12. mars i VST. Påmelding frå kl. 1115-1145. Start kl. 1200. Det vert skicross. Eit arrangement som høver veldig godt for dei yngste. Det vert lagt opp til skøyting, men sjølvsagt heilt ok å gå klassisk. 50. kr. (cash) i påmelding. Premiar til alle.

Vel møtt.

Parkstafetten sundag 22. januar
Praktisk informasjon finn du her. Merk at kvinner jr og senior går 4 km. Menn jr og senior går 8 km (to rundar)

For Voss IL løparar: Husk at dei fleste foreldra er sett opp som funksjonærar. Funksjonærlista finn du her evt lengre nede på denne sida.

Grunna mykje dugnadsarbeid vert det ingen felles pizza denne gongen. Me kjem sterkt attende på Ørnarstafetten.

Voss IL løparar må melda seg på til ein av personane nedanfor innan sundag 15. januar. Me vil etter beste evne freista å laga lag til så mange som mogleg. 

Jenter 8-16år: Øyvind Wæhle: oyvind@vossresort.no
Gutar 8-12: arnstein.ringheim@voss.kommune.no
Gutar 13-16 år: Joar Wæhle: joar@ekstremsportveko.com

17 år og eldre: Oddvar Jansen: Oddvar.Jansen@biltunet.no

Karusellrenn sundag 1. januar
 Påmelding i Kongehytta kl 1500-1515. 50 kr i startpengar. Premie til alle. Første start kl 1530. Fristil.
Ljosløypa er ok slik at denne vert brukt på rennet i dag. Me legg til rette for 1, 2, 3 og 5 km. Sistnemde er litt kort då dette vert ein runde i ljosløypa (ca 4 km). Dersom nokon eldre løparar ønskjer å gå meir er dette ok, men dei avtalar då sjølv distanse. Me treng litt hjelp til løypevakter m.m. Fint om nokre foreldre kan hjelpa til med dette. Funksjonærane møter kl. 14.

Alle velkomne

Resultat finn de her

Sparebankrennet
 Er avlyst pga snømangel. 1 km er fin til trening fordi det her er kunstsnø.

Funksjonærliste vinteren 2016 / 17
 Funksjonærlista for skirenna til Voss IL finn du her

Lagsmeisterskap og sesongavslutning
 
Sesongen vart avslutta med stil under kveldens lagsmeisterskap. No er det litt kvile før dei eldste startar førebuingane til ein ny sesong.
Etter nokre rundar i skicross-løypa var det avslutning og premiering i arenahuset.

Lagsmeisterskap måndag 11. april
1715-1730: Påmelding ved kongehytta i VST.
1715-1745: Stakeseminar med Sjur Røthe (praktisk økt på stadion. Evt diskusjon tek me i arenahuset etterpå)
1800: Fellesstart 1 km. (litt kortare løype)
1810: Fellesstart 2 km (litt kortare løype)
1825: Fellesstart 3 km og oppover (litt kortare løype)

Alle distansane går i fristil.

1900-2000: Korgafest i arenahuset. Alle tek med litt mat og drikke (kaffi). Laget spanderer brus på løparar. Sal av lodd ta derfor med kontantar. Premieutdeling. Sal av Voss il huer og panneband.

Sjur Røthe og Thomas Fenne vert med på heile arrangementet. Fint om alle tek eit ansvar for å publisere denne informasjonen til medlemmer i Voss. 

Vel møtt.

Vestlandske Skistemna
Laurdag 5. mars arrangerast Vestlandske Skistemna i Voss Ski og Tursenter.
Start kl 13.00
Innbyding finn du HER
Påmelding HER, innan 02.03.16 kl 23.59

Webkamera og temperatur finn du på www.skivoss.no

Takk til alle funksjonærar, foreldre, løparar og leiarar for eit flott renn!

Mari Fareth Aas
 fekk 8. plass på 5 km klassisk i hovudlandsrennet. Me gratulerer. Mange gode resultat sjå www.langrenn.com 

Årsmøte nordisk
 onsdag 2. mars kl. 1930 i idrottshuset.

Karusellrenn, langrennscross
Laurdag 20. februar i Voss ski og tursenter. Påmelding ved kongehytta kl. 1115-1145. Start kl. 1200. 50 kr i påmeldingsavgift. Fristil. Klassar frå 0-16 år. Du treng ikkje trena langrenn for å vera med her.

Det vert lagt til rette for at løparar som skal til hovudlandsrennet kan få gå eit vanleg klassisk renn. Arrangementet er ope for alle

Klikk her for resultat.

Gutta klar for Ungdommens Holmenkollrenn!!

BETALING AV MEDLEMSKONTINGENT

Det er no sendt ut melding på epost om betaling av medlemskontingent. Me vonar du framleis vil vera medlem i laget, og ber deg betala kontingenten så fort som mogeleg.

Du betaler online på minidrett.nif.no. I eposten ligg det og ved ein faktura på ei pdf-fil med kid.nr. Denne kan du eventuelt bruka.

Parkstafetten

Sundag 24. januar kl 12 i Voss Ski og Tursenter. 
Innbjodinga finn du her
Vær og føre finn du på www.skivoss.no

Startliste finn du HER

Treningstilbod 2.-6. klasse

Tysdagar: Det er no (etter påske) slutt på organiserte treningar om tysdagane for denne sesongen. Treningane om torsdagane held fram.

Torsdagar: Oppmøte kongehytta kl. 18

Torsdag 31. mars:.Skøyting

Ferdigsmurte ski. Smøretips finn du på skivoss.no  

3.-4. klasse:   (Anna Selheim + foreldrehjelp)

5.-6. klasse:  (Helene Klette + foreldrehjelp)

Voss Sparebankrennet

Velkommen til Voss Sparebankrennet 2015. Rennet går i klassisk stil i Voss Ski og Tursenter. Det er gode snøforhold i Voss Ski og Tursenter. For vær og førerapport sjå www.skivoss.no

Oppdatert info sundag 21. desember 0845 Løypene er framleis i god stand og rennet går som planlagt. Kan bli kortare runde som ein går fleire gonger.

Innbydelse finn du HER

NB!! Start kl 12.00

Startliste finn du HER

Hugs di eiga brikke. Frå 15 år og eldre vert laget fakturert for leigebrikker.

Takk til løparar, leiarar, foreldre og funksjonærar for vel gjennomført renn!
 
Funksjonær / dugnadsliste sesongen 15/16

Her finn du funksjonærlista for Voss il sine tre skirenn i år. 

Her ser du kva jobb du har fått.

Rulleskitrening torsdag 18. juni

Kl 1800 i Voss ski og tursenter. Arnstein Aas har med ekstra rulleski til dei som vil låna. Ta med hjelm, stavar med rulleskipigg, skisko og hanskar.

Dette vert ei leikprega økt der det er mogleg å møta sjølv om ein ikkje har prøvd før.
Treninga er i utgangspunktet for aldersgruppa 4.-6. klasse.

17. Mai

Vonar alle langrennsinteresserte stiller i folketoget under Fana til voss il. Ungar og aktive vaksne går med rulleski om dei vil. Flott om du har VIL dressen på. Kontakt Helge om du vil låna rulleski
 
Kostelista

for kosting av Vangen sommaren 2015 finn du her

Sesongavslutning

Det er no slutt på dei organiserte langrennstreningane. Takk til små og store for godt samarbeid gjennom heile sesongen.

Det vert sesongavslutning måndag 13. april kl 1800 i arenahuset i VST. Sjur Røthe kjem og han har med seg litt utstyr som vert lodda ut. I tillegg vert det premiering for lagsmeisterskapen. Det vert og mogleg å kjøpa huer og panneband (kontant betaling). Laget kjøper inn brus til dei små. Elles tek alle med seg litt å bita i og gjerne ei kanne kaffi (korgafest). Vonar flest mogleg frå alle aldersgrupper stiller. Vel møtt.

Her kan du lesa årsmeldinga for sesongen 2014/2015.

Vestlandske Skistemna 2015

Velkommen til Vestlandske Skistemna i Voss Ski og Tursenter sundag 22.03 kl 13.

Startliste finn du HER

Oversikt over løypelengder finn du HER

Resultat finn du HER

Me takkar funksjonærar og løparar for god innsats!

Årsmøte nordisk

Onsdag 25. mars kl. 1930 i idrottshuset

Trening ungar 3.-6.klasse, torsdagar

Torsdag er det fellestrening mellom klubbane Voss, Vargar, Viljar, Bjørgum og Ørnar. Ungane vert delt i fylgjande treningsgrupper. Oppmøte på stadion kl 1800. Informasjon om stilart vert lagt ut her kvelden før.
Torsdag 26 mars skøyting

3.-4. klasse trenarplan finn du her
5. klasse trenarplan finn du her
6. klasse

Trening ungar 2.-6.klasse, tysdagar 

24. Mars - Hangoren

Oppmøte på heisen i Hangorsvegen kl 1645. Skøyteski. Lurt med ei ekstra jakke, drikke og kanskje ein liten sjokolade. Turen endar på Heggjavad  ca 1830. Alle velkomne til å vera med. Foreldre ordnar sjølv med henting. Voss resort sponsar turen. Øyvind er turleiar. Trenarar elles iht trenarplan. Vel møtt.

Oversikt over trenarar / foreldrehjelp for treningane om tysdagar for Voss og Vargar.

2. klasse: Trenarplan finn du her Kongehytta

3.-4. klasse: Gudmund Skjeldal. 

5.-6. klasse:   Trenarplanen finn du her Kongehytta

Tysdag 24. Mars Hangoren

Det står litt meir generell info om treningane lenger nede på sida

Kontakt Helge Finne, 90571784, helfin@hfk.no dersom spørsmål

Parkstafetten 18. januar - info for Voss il løpara

Innbjodinga finn du her 

Løparar i Voss IL som ønskjer å vera med må du senda ein epost innan sundag 11. januar til:
Jenter 8-16 år: oyvind@vossresort.no
Gutar 8-12 år: helfin@hfk.no
Gutar 13-16 år: stgun-ro@online.no

Andre klubbar melder laga på gjennom minidrett

Stafettlaga finn du her. (på nettbrett syner berre første side, på pc/mac heile dokmentet)Merk det det kan verta endringar grunna sjukdom e.l

Smørehjelp i nordisk

Under Informasjon / Smørehjelp i menyen finn du ei liste over personar du kan spørra om råd og hjelp

Funksjonærlister Parkstafetten og Vestlandske

som vert gjennomført 18. januar og 22. mars. finn du HER
 
1. karusellrenn

vert laurdag 20. desember. Start kl. 1100 i Voss ski og tursenter. Skøyting. Påmelding i minidrett innan torsdag 18. desember.  Alle klubbar og alderstrinn er velkomne til å delta. Dei som har eigne brikker tek desse med. Etterpåmelding seinast kl 10.15 i Kongehytta. 

Dei som ikkje har årskort/sesongkort må betale kr 100 i kassa på veg opp i Voss Ski og Tursenter.

Dersom nokon manglar ein Trimtex Voss IL vest i str 150 etter dagens karusellrenn, ta kontakt med Tommy Eriksen tlf 99242144. Han har ein for mykje.

Voss IL-drakter

Laget subsidierer ca 50 % på alle plagg. Pris å betale: Huer / panneband kr 50, vest barn kr. 350, vest vaksen kr. 500. Kontakt Siri Sterri mob. 97773918 om du vil kjøpa

Trening ungar 2.-6. klasse januar 2015

Frå 6. januar og ut sesongen er treningane tenkt organisert på fylgjande vis:

Tre grupper : Oppmøte kongehytta kl. 1800.

2. klasse skileik: Berre tysdagar, fristil  (Berit Marie er ansvarleg for første økt 6. januar. Foreldre deler på å vera aktivitetsleiar her)

3.-4. klasse: Tysdag og torsdag

5.-6. klasse: Tysdag og torsdag

Torsdagane vert det eit treningssamarbeid med Ørnar, Viljar, Bjørgum og Vargar. Ungane vert då delt inn i desse gruppene: 6. klasse, 5. klasse og 3.-4. klasse. Informasjon om stilart vert lagt ut her kvelden før innan kl. 2100

Kjøp / sal av brukt skiutstyr

Me vil oppmoda alle som har utstyr dei vil selja / gje bort om å annonsere dette på facebook. Gruppa heiter langrenn konkurranseutstyr https://www.facebook.com/groups/Langrennsutstyr/

Når det gjeld ski er det viktig å oppgje type ski, lengd og kva vekt på løpar dei høver for.

Medlemskontigent 2014

Vi har sendt ut krav om medlemskontingenten for Voss IL for 2014. Vaksne kr 300,-, born/ungdom kr 200. Mange har fått faktura tilsendt på e-post og kan betale online på Min idrett. 

Dersom du ikkje finn giroen kan du trykka på handlekorga når du er inne på Min idrett. Når du har betalt i Min idrett, kan du skrive ut medlemskort. Dei som har fått papirfaktura, betaler som vanleg i nettbank eller bank.

Ver god å betale både aktive og støttemedlemmer. Purring tek tid og kostar pengar!

Kosteliste 2014

Kostelista for 2014 ligger under lister i venstremenyen.
 
Attgløymd rosa dunjakka

funnen i Bavallstunet. Ring Berit Marie 90186409 dersom den er di

Vestlandske Skistemna 2014

Innbydinga finn du HER
Startliste finn du HER

Resultatliste finn du HER

Ein stor takk til Per Ove og alle andre funksjonærar som stilte opp slik at me fekk til eit flott arrangement.
 
Attgløymte saker: Det er funne Alpina skisko, briller og diverse merka Røldal IL i garasjen nede ved parkeringa. I arenahuset vart det funne eit par briller. Ta kontakt med rennleiar tlf: 91918583.

Alle som har Emit-brikke må ta med denne

Oppdatert torsdag kl 22.00: Det er litt småfuktig på stadion i kveld, men det vert grøfta og drenert og temperaturen er synkande. Værmeldinga ser lovande ut og det er bestemt at det vert duathlon.
 
Pga vegstenging på E16 langs Vangsvatnet og omkøyring via sørsida av vatnet bør dei frå Bergenskanten berekna litt betre tid.

Pizza etter Ørnarstafetten

Etter stafetten vert det feiring for alle i Bavalstunet. Laget sponsar pizza på ungane som har delteke i stafetten. Vonar resten av familien også tek sundagsmiddagen der. Kvar familie sender ein epost til helfin@hfk.no eller  oyvind@vossresort.no om kor mange som skal ha mat innan fredag kl. 1200.
 
Stafettlaga til dei yngste finn du her.  Ved evt endring av rekkjefylgje må lagleiar gjera dette direkte med arrangør.

Karusellrenn 16. mars

i Voss ski og tursenter.  Fristil. Tidene finn du her
 
Stafettlaga frå Voss IL som var påmeldt parkstafetten vert påmeldt Ørnarstafetten som er sundag 23. mars. Lagleiarane frå Parkstafetten fylgjer opp sine lag og melder attende.

3. karusellrenn

fredag 28. februar. Langrennscross, fristil.Tidene finn du her

Trenarplan 24. februar og ut sesongen

Torsdag 1. april. Oppmøte Herresleitet kl. 1800.

Stilart 1. april: Klassisk

Vaskedugnad arenahuset

Voss il skal vaska ned huset fem gonger. Dei fleste av oss er sett opp. Sjekk tentative datoar her

NM-sølv og OL-plass!

Sjur klinka til i siste bakken og gjekk inn til ei strålande sølv-medalje kun slått i spurten av Martin Johnsrud Sundby på dagens 30 km skiathlon i NM. Etterpå vart han og belønna med OL-plass. Voss IL gratulerar og gledar oss til februar!
 
Ny dato Parkstafetten sundag 16. mars

Velkomen til KM Parkstafetten 2014!
 
Innbydinga finn du HER

Funksjonærliste Parkstafetten og Vestlandske

Resultat 2. karusellrenn, 4. januar 2014- klassisk

Kjekt med stor deltaking både frå Voss og andre klubbar. Resultata finn du her

1. karusellrenn - skøyting

30. desember 2013. God deltaking med vel 50 deltakarar. Kjekt at også løparar frå Vossalangrenn og andre klubbar deltok. Tidene finn du her.

Godt år til alle langrennarar.

Skitrening for ungar 2.-6. klasse

Måndag 16. desember vert det skitrening, skøyting kl 1800 i Bømoen. Oppmøte ved klubbhuset til Viljar kl. 1800.
Treningsgruppene er slik:
 
2. klasse: Skileik: Øystein Furu +foreldre
3.-4. klasse: Øyvind Wæhle og Espen Stueland + hjelparar
5.-6. klasse: Dag Gunnar Bekke og Bjarte Vethe + hjelparar
 
Ny trenarplan er utarbeida. Håper føresette stiller evt byter internt dersom dagen ikkje høver. Planen finn du her

Skisamling 4.-6. klasse

er planlagt laurdag 7. - sundag 8. desember i Myrkdalen. Avreise frå Voss laurdag morgon. Overnatting i hytte i Myrkdalen. Øyvind Wæhle er reiseleiar. 

Send påmelding til oyvind@vossresort.no innan fredag 29. november. 

Dei påmelde vil få tilsendt info skriv på epost når tida nærmar seg.
 
Terminliste 2013/2014

Terminliste for årets sesong ligg no ute under "Lister" i venstremenyen.
 
Oppstart langrennstrening ungar 2.-6. klasse

Måndag 14. oktober kl. 1730 Voss gymnas. Ungar og foreldre møter utanfor skulen. Det vert ei treningsøkt for borna. Dei må derfor vera kledd for ei barmarksøkt ute. Bruk refleksvest. For foreldre vert det eit foreldremøte inne på rom 5. Dette er obligatorisk. Foreldre som ikkje har høve til å møta må senda ein epost med kontaktinfo for seg sjølv og bornet.

Ungane vert organisert i to grupper, 2. og 3. klasse og 4.-6. klasse.

Me treng vaksne som kan hjelpa til som trenarar. Fint om foreldre som kan tenkja seg dette sender ein epost.

Vel møtt til store og små.

Helge Finne, helfin@hfk.no, 90571784

Haustcampen 13.-15. september

Haustcampen vert arrangert på Bømoen 13.-15. september. Dette er for utøvarar fødd mellom 2002 og 1998. Påmeldingsfrist er 1. september.
Info og påmeldingslink finn du HER

Rulleskitreff for 4.-6. klasse

Me arrangerer eit rulleskitreff torsdag 22. august kl. 1800 i Voss ski og tursenter. Her kan du få prøva rulleski i trygge omgjevnader. Viktig at foreldre møter. Det vil verta avtala tid for faste rulleskitreningar fram til haustferien. Dei som vil prøva må ha med skisko, stavar, hanskar og hjelm. Dei ordinære treningane vert gjennomført av foreldra.

Oppstart for ungar 2. og 3. klasse vil bli etter haustferien.

Evt oppdatert info vil koma her.

Kontakt Helge Finne 90571784, Øyvind Wæhle 90055524 eller Arnstein Aas 90798917 dersom du har spørsmål

Rulleskitrening 5.-6. klasse

Sundag 9. juni kl. 12 og torsdag 13. juni kl. 1800. Oppmøte ved kongehytta i Voss ski og tursenter. Hugs hjelm. (Me veit at det er ei travel tid no med mange aktivitetstilbod. Desse to treningane er eit tilbod for dei som har tid og lyst) Arnstein er hovudtrenar.
 
To heidersprisar til nordisk paa 17. mai.

Sjur Roethe vann Highland statuetten for aarets flotte sesong og Lars Terje Tveito fekk Edvard B. Hegbom sin heiderspris. Me gratulerar!

Trenar 1 kurs langrenn

Hordaland Skikrets arrangerar Trenar 1 kurs i langrenn no i vår/sommar. Kurset er det nye trenar 1 kurset som no omfattar det tidlegare trenar 1 og 2. Kurset går over 2 helger. Det er 22.-23. juni og 23.-25. august.
For meir info sjå HER

Oppdatert info og vaktliste angåande 17. mai

HER er siste oppdaterte info og vaktliste for 17. mai.
Les igjennom og møt opp til rett tid.
 
17. mai for langrennsgjengen

I folketoget på 17. mai ønskjer nordisk å syna musklar. Me stiller derfor store og små med rulleski i toget. Me møtast på Gymnaset kl. 1315 for oppvarming og øving. Viktig at alle gjer ein jobb med å få med seg folk. Eg har nokre få ski til dagslån dersom behov.
 
17. mai

Nordisk har i år ansvar for to kioskar på Vangen 17. mai. Styret har fordelt vakter. Vaktlista finn du her. Dersom du ikkje kan ta vakta di, må du sjølv finna ein annan og melda dette til kioskleiaren.

Kosteliste 2013

Ny kosteliste for reinhald av Vangen ligg no ute under "Lister" i venstremenyen. Les igjennom, finn di helg og merk av i kalendaren.

Lagsmeisterskap tysdag 2. april

Tysdag 2. april vert det lagsmeisterskap i Voss ski og tursenter. Sjur Røthe stiller til start. Fristil.
1730-1800: Påmelding ved kongehytta
1815: Første start
1900: Premieutdeling og feiring av Sjur i arenahuset.
 
Fellesstart. Dei som går same distanse startar i same pulje.
 
Resultat finn du her

Sak på langrenn.com

Sprintstafett i Ulvik

KM i sprintstafett vert arrangert på Drevtjørn Skisenter, Ulvikahøgda onsdag 27. mars kl 17.00.
Påmelding innan sundag 24.03 kl 23.59.
De lagar to-mannslag sjølv og kontaktar Harald Tveito på tlf. 911 18 100 som melder på for Voss IL.
 
Innboding finn du her
 
Vossameisterskap laurdag 23. mars

Viljar arrangerer Vossameisterskapet i Voss Ski og Tursenter laurdag 23. mars kl 13.00. Rennet går i klassisk stil. Påmelding via www.minidrett.no innan torsdag 21. mars kl 23.59.
 
Innbyding finn du her

Ungar 3.-6. klasse, onsdag 20. mars.

Treninga startarkl. 1730. Merk tida. Rett etter treninga vert det kveldsmat og info om Vossalangrenn i arenahuset. Særleg viktig at 6. klassingar med foreldre er tilstades.
 
Treninga 1730-1830, Klassisk stil
3.-4. klasse, Berit M og Per Kristian
5.-6. klasse, Øyvind og Bjarte

Ørnarstafetten 2013

Årmotslia skisenter i Myrkdalen, søndag 17.03. Første start kl. 1200. Avtal transport og frammøte med lagleiar. Laga for 8-10år, 11-12år og senior finn du her.

Laga for 13-16år og junior finn du her

onsdag 13. mars, ungar 3.-6. klasse

Voss resort sponsar gratis tur på Hangoren. Oppmøte på Gondolbanen i Hangorsvegen kl. 1630. Info om turen finn du her Kontakt Helge Finne 90571784 dersom du har spørsmål.

Måndag 11. mars

Klassisk
2. klasse skileik: Helge / Inger Lise
3.-4. klasse: Jørund + ein friviljug
5.-6. klasse: Magne, Gunn Marit og Øystein
 
Info Ørnarstafetten sjå lenger ned!

Vestlandske Skistemna 2013

Det tradisjonsrike Vestlandske Skistemna vert arrangert laurdag 9. mars kl 13.00 i Voss Ski og Tursenter.

RESULTATLISTE FINN DU HER

Startlista finn du HER

Løypekart finn du HER

Innbydinga finn du HER

For webkamera og temperatur i Voss Ski og Tursenter, sjå www.skivoss.no

For værmelding, sjå HER
 
Påmelding Ørnarstafetten

Ørnarstafetten vert arrangert søndag 17. mars. Send bindande påmelding til til kontaktperson nedanfor innan søndag 10 mars. Oversyn over lag og lagleiarar vil verta lagt ut her.
 
Gutar 1 km: Rekve@hotmail.com
Gutar 2 km: helfin@hfk.no
Jenter 2 km: arnaas@broadpark.no 

Langrennscross 2. mars

Stor takk til Per Ove for flotte løyper og til alle funksjonærane som laga langrennscrossen. Resultat finn du her
 
Ungar 2.-6. klasse -Trenarplan februar og mars

Trenarplanen finn du her  Treningane startar kl. 1800

Ungar 3.-6. klasse, onsdag 27. februar

Klassisk
 
3.-4: Torbjørn og Per Kristian
5.-6: Øyvind, Arnstein og Gunn Marit

Skikurs foreldre onsdag 27. februar

Skøyting. Lars Terje er trenar. Oppmøte kongehytta kl. 1800

3. karusellrenn, laurdag 2. mars

Meir info kjem seinare
 
Restopplag Voss il drakter

Heldress: 1/large, 1/small, 2/140, 1/130
Delt dress: 1/large, 1/small, 1/x-small, 1/150, 1/140, 1/130 (bukse+jakke i alle str.)

Ellers er det bare:
2/medium overtrekksjakker og
1/small og 1/x-small overtrekksbukse.
Er du interessert så kontakt Pål Augland 90162472

Karusellrenn nr 2, laurdag 5. januar

God deltaking og innsats. Takk til alle funksjonærar. Resultata finn du her.
 
Påmelding renn

For påmelding til renn, gå inn på minidrett.no og registrer løparane.
Du må logga inn med løparen sitt brukernamn og passord når du skal melde på.
For spørsmål ta kontakt med Lars Terje Tveito på tlf 91 91 85 83

SPONSORAR

AKTUELT
Jolaturn - avslutning turn
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger