Medlemskontingent for 2012
Du får i desse dagar tilsendt innbetalingsgiro på kr 300,- for vaksne (frå 17 år) og kr 150,- for born. Forfall er 16. mars. Skal du betale for fleire i familien, må du betale kvar enkelt giro og oppgje KID-nummer for å få betaling rett registrert. Giroane vert utsende av MAMUT. Betalt medlemsavgift gir rabatt på sesongkort/årskort i Voss Ski- og tursenter!

Gratulerer Sjur!
Voss IL gratulerer Sjur med bronsemedaljen på 30 km. Det var høgdepunktet på arrangementet. Sjå omtalen i "Hordaland".
http://www.avisa-hordaland.no/skinmvoss/article5903551.ece

30.01.12
JL

SkiNM i vest - idrettsglede og folkefest
Første del av NM er over, og vi kan glede oss over dei gode tilbakemeldingane frå utøvarar og leiarar, NSF, presse og publikum. Takk til alle i Voss IL som var med og laga NM til den folkefesten vi hadde håpa på.

30.01.12
JL

Gratulerer Vebjørn!
Vebjørn Turtveit vann i dag NC-rennet i 10 km fristil på Lygna.

JL 6.01.12

Godt nytt år!
Eg ynskjer medlemmene i Voss IL eit godt nytt år! Takk for god innsats i 2011 både til aktive og tillitsvalde.

JL
27.12.11

700 frivillege til NM
Langt fleire enn venta har meldt seg som frivilleg til NM. No er det førebels stopp til komiteen har disponert alle som har meldt seg.
14.12.11
JL

Meld deg som frivilleg til NM!
Me treng frivillege til NM!

NM veka for langrenn og kombinert er 23. - 29. januar 2012. Det trengs folk heile veka. Til klargjering og opprigging før renna startar, gjennomføring av renna frå torsdag til sundag og til nedrigg og rydding frå sundag ettermiddag.

Dersom du har problem eller spørsmål ta kontakt med Marita Hefte tlf: 90 60 41 98

Info om NM finn du på www.skinmvoss.no

Bilde frå Jubileumsfesten  
Tatt av Ellen

Bilde frå Jubileumsfesten 1  
Bilde tatt av Audun

Vellukka 125 års jubileumsfest
121 festpynta gjester fylte matsalen på Fleischer laurdag 17.september etter myldring med gamle filmar og miniutstilling av Voss IL.

Festeleiaren, Arne Hjeltnes, laga ei folkeleg og humoristisk ramme om festen. Kari Finne Sognnæs sine songar frå Voss rørte festdeltakarane, og Jon Aske presenterte 125 års historie med eigne vers og tidsrett kledrakt i fem akter. Jørgen Rokne framførte prolog med laurbærkrans om halsen med bodskapen om at alle var vinnarar på sitt nivå Det var helsingar og gåver frå Hordaland Idrettskrins v/nestleiar Helge Johnsen, Voss kommune v/varaordførar Sigbjørn Hauge og Voss Sparebank v/banksjef Kjell Jostein Bø. Jubilanten fekk gåver frå Viljar IL, IL Ørnar, Fotballklubben Voss, Utferdslaget, Voss Resort og Gerd Tønjum. Leiar, Jorunn Lødemel takka for gode ord og gåver.


Marianne Bakketun, Arne Hauso og Torstein Gunnarson fekk Voss Idrottslag sitt heidersmerke i gull. Heidi Olsen, Voss Idrottsråd, takka for maten: Krema fiskesuppe, urtemarinert lammefilet med fløytepotet, broccoli, ratatuille og skysaus, vaniljeis med frsik fruktsalat, kaffi og te.

Wannabes 5-manns orkester spelte til dans til kl 0200.

18.09.11
JL

Rosethytta med nytt tak
I desse dagar vert det lagt nytt tak på Rosethytta, men dei gamle skiferhellene vert brukte på nytt. Sjå den flotte biletserien frå arbeidet under Rosethytta. Ta gjerne turen til Roset - ein fin kveldstur og ei fantastisk utsikt.

23.06.11
JL

Ny link til Ski NM Voss 2012
Her finn du god informasjon om NM. Du finn og skjema for å melde deg som frivilleg under NM og for å registrere kor mange timar du har jobba for arrangementet. Eg oppmodar medlemmer i Voss IL om å melde seg.
20.06.11
JL

Medlemskontingent for 2011
Det er enno mange medlemmer som ikkje har betalt den tilsendte giroen frå Mamut. Purring vert sendt ut, men du sparer laget for utgifter om du betaler no. Medlemskontingent for vaksne er kr 300,- barn til og med 16 år kr 150,-. Betal kvar giro for seg, elles vert det ikkje registrert korrekt i datasystemet.

1.06.11
JL

Sjur nr 4 på 5 mila i VM
Petter Nortug vann, russar på andre plass, Tord Asle Gjerdalen på tredje og vår eigen Sjur Røthe på fjerde plass! Petter Eliassen var uheldig og ramla nokre hundre meter før mål, men greidde 11. plass. Martin Johnsrud Sundby vart nr 24. Svært god laginnsats!

Gratulerer Sjur og heia Noreg!

Om Sjur og idrettsbygda Voss
Vestlandsrevyen intervjua Knut Steinar Skiple på Voss IL si jubileumsutstilling på Mølstertunet.

http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/254073/

Sjur i VM
Sjur går 3 løp i VM, men stafett vart det ikkje. http://www.avisa-hordaland.no/sport/article5514075.ece

http://www.bt.no/sport/vintersport/kollen2011/Roethe-vraket-til-stafetten-1264761.html

Vi ynskjer lukke til på 5 mila søndag.

Jubileumsskriftet framleis i sal
Jubileumsskriftet "Laget i sentrum" har fått god omtale. Du får framleis kjøpt skriftet i bokhandlane og direkte frå laget.

Reint idrettslag
Voss IL har registrert seg som "Reint idrettslag". Det betyr at vi vil drive førebyggjande antidopingarbeid ved å informere utøvarar, trenarar og foreldre. Du finn aktuell informasjon på linkane. Prøv gjerne e-læringsprogrammet "Rein utøvar".

Vi arbeider for å få teksten på nynorsk.



- Antidoping Norge
- Voss IL Antidoping Policy
- Ren utøver




Tur-O i mørketida
på Bømoen og Vangen Les meir..

Vebjørn vann Norgescup
Vebjørn Turtveit vann M18 under Norgescupen på Lygna Les meir..

Sjur Røthe tatt ut på landslaget
Som venta vart Sjur tatt ut på landslaget for neste sesong Les meir..

Sjur Røthe heidra på heimebane
Sjur Røthe fekk velfortent heider på lagsmeisterskapet tysdag kveld Les meir..

Februar-rapport frå Sjur
Etter ein sesong som har gått betre enn venta, fekk eg sist veka den veldig gode beskjeden Les meir..

NM Steinkjer
NM Steinkjer er over og Voss IL har gjort seg bemerka på mange måter. Les meir..

Januar-rapport frå Sjur
Nytt år og nye moglegheiter står for døra. Eg har hatt ein kjempebra avslutning på året ... Les meir..